Eit kamera er som sjølve livet. Du fokuserer på kva som er viktig og fangar dei fine stundene. Om det ikkje vart bra, så prøvar du berre på nytt.

Litt om meg

Torheim Visuals har røter tilbake til den analoge tida, då film vart framkalla og bileta fekk liv på mørkerommet. Ei karriere som starta i mediebransjen og har fortsett sidan i den retninga. Både med dokumenterande fotojournalistikk og levande bilete. No er mykje digitalisert, men 120-filmen blir eksponert med jevne mellomrom. Ein stor del av dei visuelle bileta, som natur, arkitektur og fortelljande bilete har i den seinare tid fått større plass i mitt virke. Ofte  fortel dei enkle detaljane ei historie som får folk til å tenke etter. Film er også blitt ei stor interesse. Å ta dei fotografiske teknikkane inn i det levande biletet har synt seg å vere ei god oppskrift.

Kjøp av foto og film

Bileta som fins på denne nettsida er sjølvsagt meint som salg. Bildene kan kopierast opp til ønska størrelse og type print etter ønske. Ta kontakt for både pris og alternativer.

Dronelisens og streaming

Torheim Visuals (tidligare Øystein Torheim Photography) er godkjent droneoperatør med A2 og RO3 lisens. Tilbyr i tillegg streaming av små og store arrangement, samt produksjon av dei fleste typar filmar kunden måtte ønske.

Bryllaup, konfirmant eller familiefoto?

Skal du gifte deg i år eller neste år, har konfirmant, vil ha familiefoto eller rett og slett kjærestebilde? Eg kan tar bilder både i studio og ute på lokasjon alt etter ynskje.

Ta kontakt for eit uforpliktende tilbud på akkurat dette no. Eller skal du dekorere kontoret ditt, foto på veggen heime eller på hytta? Sjå gjerne over galleriet på sida om det er noko som passar. Også om du ynskjer eit spesifikt bilde som du vil ha tatt. Ta kontakt for gode prisar på digital fil eller ferdig bilde til vegg.

Ta kontakt her

Øystein Torheim | 6773 Nordfjordeid | Tlf: 909 60 316 | E-post: post@oysteintorheim.no

Kreditering og åndsverkslov

Bruk av bilete utan særskild løyve frå fotografen, er etter åndsverkslova ikkje tillatt. Bilete med løyve skal krediterast med fotografen sitt navn ved kommersielt bruk.

© Kopirett - Øystein Torheim Photography | Nettside levert av Frequency.no